Frå byggevarehandel til byggmeister
Seimen AS starta med sal av høvla bygningsmaterialar og seinare innkjøpte byggjematerialar for vidaresal. På midten av 1990-talet vart verksemda vidareutvikla til byggmeisterverksemd, og etter kvart vart det tilsett fleire snikkarar.
Verksemda starta med ombygging og rehabilitering, men gjekk snart over til nybygg og større prosjekt.
Dei siste ti åra har utbygging av leilegheiter, rekkehus og hytter i Myrkdalen vore det viktigaste arbeidsområdet. Det største prosjektet er Torggarden, som ligg midt i sentrum av Myrkdalen. Seimen utviklar og byggjer også eigne prosjekt for sal i Myrkdalen og andre stader på Vossestrand.
Nye Sundve skule stod ferdig i 2017 og gav selskapet verdifull erfaring med større prosjekt. Omsorgsbustadene på Oppheim er eit døme på eit prosjekt av ein annan karakter enn hytter og einebustader.