Bli ein del av Seimen AS

Seimen AS har behov for dyktige tømrara, og vi ønskjer å vere ein arbeidsplass der tilsette kan utvikle seg og få nye moglegheiter. Fleire av tømrane våre starta som lærlingar, vart fagarbeidarar og har seinare gått vidare til roller som arbeidsleiarar.

Ønskjer du ein spennande og utfordrande arbeidskvardag i byggjebransjen, kan Seimen AS vere ein arbeidsplass for deg.

Seimen AS ansatte på byggefelt.jpg

Ledige stillingar

Seimen AS har jamleg behov for tømrara. Har du lyst til å arbeide saman med oss? Ta gjerne kontakt for å høyre om moglegheitene.

Lærling

Å starte som lærling er ein god veg inn i tømraryrket. Etter to år på vidaregåande skule følgjer to år med læretid i verksemda.

Seimen AS har alltid lærlingar innan tømrarfaget, og vi ønskjer å gi unge moglegheita til å utvikle seg til dyktige fagarbeidarar.

Går du på skule og vurderer å bli tømrar? Ta gjerne kontakt medan du framleis er elev, så kan vi ta ein uforpliktande prat om Seimen AS kan vere den rette lærebedrifta for deg.

Send oss ei melding